Årets Avløysar 2021

Dei tre kandidaten med flest stemmer når denne kampanjen er avslutta er med i finalen i Årets Avløysar 2021. Alle tre vert invitert til NLT si Haustsamling 27.-28. oktober 2021, der vinnaren vert presentert under festmiddagen.

Her kan du stemme

Avtemminga vert stengt 3. oktober 23:59


Retningslinjer for Årets Avløysar:

Kandidaten må:

  • vere tilsett i eit avløysarlag/landbrukstenester som er medlem i Norske Landbrukstenester.
  • ha arbeidd i minst 60% stilling som avløysar/landbruksvikar i minimum 5 år.
  • vera ein god ambassadør for yrket, både internt og eksternt.
  • kunne arbeida sjølvstendig, ta ansvar og ha ei positiv haldning til yrket og landbruket generelt.
  • kandidatar som har vunne prisen i løpet av dei siste fem åra, frå og med 2020, kan ikkje delta.

Slik vil kåringa føregå (alt skjer digitalt):

  • Nominasjonsrunde startar 21. mai og vert avslutta 24. juli.
  • Fylkeskåring frå  midten av august til  september.
    • Alle som nominert i nominasjonsrunden og er innafor kriteria, skal stemmast på pr. fylke. 
  • Semifinale frå september til oktober.
    • Semifinale består av ein kandidat frå kvart fylke, dei tre med flest stemmer går til finalen.
  • Finale frå oktober og fram til ein satt dato. (dato for avslutning kan variere frå år til år).
    • Årets Avløysar i Noreg skal stemmast fram blant dei tre som gjekk vidare frå semifinalen.
  • Dei tre finalistane vert invitert til NLT si Haustsamling. Her vert vinnaren av Årets Avløysar offentleggjort under festmiddagen.
  • Premien til Årets Avløysar er diplom og eit reisegåvekort på heile 20000,-

Lenke til kampanjen

Klikk her for å kome til kampanjen

Vi gjer merksam på at det kan førekome justeringar av datoar under kampanjen.

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.