OTP til bonden

   Bønder  kan  også  få  god  pensjon         

Bønder og andre sjølvstendig næringsdrivande har  høve til å sikre seg god pensjon i tillegg til folketrygda.

Lov om obligatorisk tenestepensjon (OTP) sikrar alle lønnstakarar pensjon gjennom arbeidsforholdet. NLT har forhandla fram ein god avtale med Nordea Liv, om OTP for avløyserlaga og sjølvstendig næringsdrivande.Sjølvstendig næringsdrivande (bøndene) er ikkje forplikta til dette, men den avtalen NLT har forhandla gjer det svært fordelaktig.

Mange bønder har spart til pensjon gjennom Individuell Pensjonsavtale (IPA), som har gitt 28 % skattefrådrag for premiebetalinga. Ordninga med skattefrådrag for IPA er no oppheva. OTP-ordninga gjer uansett større fordelar for sjølvstendig næringsdrivande:

  • Du kan setje av inntil 4 % av fastsett næringsinntekt. Innskotet i pensjonsordninga blir berekna av inntekter mellom 1 G og 12 G (kr.66.812 – kr.801.744). Er næringsinntekta til dømes kr.400.000, kan innskotet utgjere inntil kr.13.328 (4 % av kr. 333.188). Spare-prosenten kan endrast frå år til år, og du kan stanse avtalen kan dersom du ikkje ynskjer å fortsetje sparinga.
  • Innskotet blir ført som kostnad i rekneskapen. For sjølvstendig næringsdrivande som har maksimal marginalskatt (50,7 %), betyr dette 1 krone mindre i skatt når ein sparer 2 kroner.
  • Det skal ikkje betalast arbeidsgiveravgift av det som vert innbetalt.
  • Bønder som har inntekt og pensjonsordning i andre arbeidsforhold får ikkje avgrensingar i høve til å gjere innskot i OTP-ordninga for næringsdrivande.
  • Pensjonen kan takast ut frå 67 år og ved eventuelt dødsfall blir pengene utbetalt til attlevande.

Den viktigaste grunnen for at du som bonde og næringsdrivande bør etablere OTP er at folketrygda sin alderspensjon blir for knapp for dei aller fleste. I framtida blir folketrygda enda knappare. Innskota du gjer kvart år blir plassert i fond, som inneber at pengane veks fram til du blir pensjonist. Avtalen NLT har inngått for medlemmene gjer kostnadene til forvaltning av ordninga svært lave. Dersom innskotet er kr.10.000 i året, vert kostnadane kr. 291 (kr. 201 i årsgebyr + 0,9 prosent av innskotsbeløpet).I tillegg kjem forvaltningskostnader og ein premie for det såkalla innskotsfritaket.

Innskotsfritaket betyr at Nordea Liv betaler dei årlege innskota dersom du blir arbeidsufør.
Dei årlege kostnadene får du utrekna nøyaktig når du loggar deg på.

Her kan du etter å ha lagt inn opplysningar om mellom anna næringsinntekt, berekne og eventuelt inngå OTP-kontrakten din. Du får deretter tilsendt stadfesting på avtalen og giro i posten.

Avtalen må vere inngått innan 31. mars for å få frådrag på fjorårets inntekt.

Dersom du har spørsmål eller ønskjer hjelp, kontakt